Prosjektøkonomi i sanntid
Betre prosjektkontroll. Betre marginar.
Få oversikt over venta lønnsemd, innkjøp, fakturering og kontantstraum medan prosjekta pågår. Oppdag avvik tidlegare og ta betre avgjerder.
P-24108 ligg under målmarginen. Klikk på prosjektet for å sjå kva delprosjekt som trekkjer ned.
Marginane kan forsvinne før du oppdagar det.
Når ordrar, innkjøp, timar, lager og rekneskap ligg på ulike stader, er det vanskeleg å halde prosjektøkonomien oppdatert. Kostnader og forpliktingar kjem seint inn i oversikta, og marginane kan bli svekte før du rekk å ta grep.
- KundeordreLigg som PDF i innboksen
- InnkjøpPlanlagt, bestilt eller fakturert?
- FakturaplanKva står att å fakturere?
- TimarBlir summerte ved månadsslutt
- VarelagerUttak blir lett gløymt
- RekneskapBokførte bilag og betalingar
Spreidd informasjon
Prosjektdata ligg i ulike system og rekneark.
Utdatert oversikt
Manuell samanstilling gjer det vanskeleg å følgje endringar.
Tapte marginar
Avvik blir oppdaga først når handlingsrommet er mindre.
All prosjektdata samla. Innsikt i sanntid.
ProfitTracker samlar informasjon frå rekneskap, innkjøp, ordrar, timar og lager på ein stad. Sjå korleis nye kostnader og endringar påverkar venta lønnsemd og kontantstraum, slik at du kan ta betre avgjerder undervegs.
Du treng ikkje byte rekneskapssystem for å få betre prosjektkontroll.
Fakturaer går til rekneskapen, og bokførte tal blir henta tilbake dagleg. Ordrar, innkjøp og fakturering blir registrerte i ProfitTracker. Sjå kva rekneskapssystem ProfitTracker er integrert med
Enkelt å kome i gang.
Kople til rekneskapen
Kople ProfitTracker til rekneskapssystemet. Behald rekneskapssystemet du allereie brukar. Sjå integrasjonane
Opprett det første prosjektet ditt
Start med ordren frå kunden, ein prosjektmal eller eit tidlegare prosjekt. Legg inn budsjettet og det du treng for å følgje økonomien.
Få oversikta
Følg venta lønnsemd, innkjøp, fakturering og kontantstraum medan prosjektet pågår.
Start med eitt prosjekt. Utvid når du er klar.
Prøv gratisKva betyr eitt prosentpoeng på botnlinja?
Sjølv små endringar i prosjektmarginane kan utgjere store beløp gjennom eit år. Sjå kva marginskilnaden betyr for prosjektomsetnaden din.
Opplev kor enkelt det kan vere å ha full kontroll.
Få sanntidsoversikt over prosjektresultat og kontantstraum i alle prosjekta dine. Informasjonen blir brukt om igjen gjennom heile prosjektet, slik at du sparer tid og får innsikta du treng for å ta betre avgjerder.
- Resultatkontroll i sanntid
- Slutt på dobbeltarbeid
- Innsikt til å auke marginane
Vit kvar prosjekta ser ut til å ende, slik at du kan ta betre avgjerder undervegs.
Behald rekneskapssystemet du allereie brukar.
Det folk lurer på før dei startar.
Må vi byte rekneskapssystem?
Nei. ProfitTracker blir kopla til Tripletex, PowerOffice Go, Xero eller QuickBooks Online og erstattar ikkje rekneskapen. Rekneskapsføraren jobbar som før.
Kva er skilnaden på bokført og venta resultat?
Bokført resultat er det som er ført i rekneskapen så langt. Venta resultat legg til planlagde inntekter, opne innkjøp og venta kostnader, så du ser kvar prosjektet ser ut til å ende.
Kor oppdaterte er tala?
Ordrar, innkjøp og fakturaer de registrerer i ProfitTracker, tel med ein gong. Bokførte bilag blir henta frå rekneskapen kvar dag, og når de trykkjer «Synkroniser no».
Korleis kjem vi i gang?
Kople til rekneskapen og legg inn det første prosjektet, frå ein mal, eit tidlegare prosjekt eller ordren frå kunden. Vi hjelper dykk gjerne med oppsettet.
Kva kostar det å prøve?
Gratis er for éin brukar og eitt prosjekt. Pro kan de prøve gratis i 14 dagar, med så mange kollegaer de vil, utan betalingskort. Til prisane
Må vi slutte med reknearka våre?
Nei, men de treng dei mindre. Timar kan importerast frå Excel, så de kan starte med det de har.
Passar dette for oss?
ProfitTracker er laga for bedrifter som leverer prosjekt og kjøper inn til dei: tekniske entreprenørar, installatørar, produksjons- og ingeniørbedrifter.